DeDanseglade.no

Fårefestivalen på Gol: «Sau + Bygdeliv = Mye moro»

På forsiden akkurat nå

«Fårefestivalen på Gol» vert arrangert i år for tredje gong. I samband med arrangement vert det gjeve ut ei avis på heile 36 side, mykje reklame sjølsagt men her får ein vete ka som skjer kor under heile helga. Festivalen arrangeres under mottoet «Sau + Bygdeliv = Mye moro», og i år som i fjor vart det ei helg i eit nydeleg haustvêr og ein festival full av fårete aktivitetar for heile familien. Her er det fokus på kva sauen kan gje oss, både av mat og ikkje minst ull. Over 50 salgsboder var på plass og her fann me mykje fristande – både innan mat og ullvarer. Èinaste eg savna var smalahove, men til neste år tenkjer eg det er på plass att.
Abo promo lite for teksinnlegg Vi danset til Lasse Stefanz og Drifters i Braathallen
Ved festivalteltet vart det grilla heile lam – herlig mat! Butikkane bugna med fårete tilbod og på serveringsstadane var og får i fokus denne helga. Det krydde av folk i gatene og Gro Hjelmen «Bjellesøya» som ho så populært vert kalla under festivalen – antyda at det kan ha vore opp mot 10.000. Programmet var så tettpakka at det kunne ta pusten frå nokon og ein kvar, eg kan nevne: Seminar «Er norsk ull bare tull» der ein diskuterte kvifor norsk tekstilindustri ikkje nyttar norsk ull. Det var gjeting, konkurranse i klåvkasting, saueklipping, ullsortering og partering av lam. Traktorløp for bondespirer, Gammeltraktorens Venner som tel 1700 medlemar på landsbasis – hadde traktorparade gjennom sentrum. Det var strikkekafè der me kunne læra oss strikka Skappelgenser og ikkje minst mange aktiviteter og konkurranser for barn, for eksempel riding, hopping i høyet,spikking, natursti eller dei rett og slett kunne vera med traktor»bussen» som gjekk i skytteltrafikk mellom sentrum og Vikojordet der NM Traktorpløying for veterantraktorar gjekk av stabelen.

Se også vår bildespesial fra Fårefestivalen HER!

Det er 20.gang dette NM vart arrangert, men første gong det vert lagt saman med eit anna arrangement, noko som skulle visa seg vera vellukka for her vart det ny publikumsrekord – rundt 500 vert anslått. Per Ole Ødegård vart NM 2012 med heile 122 poeng – aldri før har nokon fått så mange poeng ! Eit anna blikkfang i festivalgato var dei flotte rosakledde jentene på standen til «Slarverennet».Smilande og blide stod dei der og såg gjerne at me meldte oss på.
Abo promo lite for teksinnlegg Vi danset til Lasse Stefanz og Drifters i Braathallen
I festivalteltet hadde me tilbod om revy, rockebandet Plopp spelte, Erik Mogeno – buktalar, magiker og komiker var på plass, Ole Martin Iversen og Tom Erik Løvrak underheldt både i Persgata og i teltet. Alt dette – Fårmiddagsstellet som det vert kalla – var gratis, det var berre det som skjedde på Kveldsstellet i teltet me betalte for. Fredagen stod Von og Steinar Engelbrektson Band på scena, sistnevnte hadde òg konsert laurdagen. Rundt 500 kosa seg og ikkje minst svinga seg på dansegolvet denne kvelden – til flott og variert musikk. Tok litt tid før teltet vart fylt, men til gjengjeld heldt utruleg mange ut – saman med Steinar Engelbrektson Band – til klokka 02:30! Eg synes imidlertid at å starta dansen klokka 20 ein fredagskveld då mange har kome tilreisande, er litt i tidlegaste laget. Det hadde ikkje skada om ein venta til klokka 21. Laurdagen heldt Leif Otto Moen «Fåremonolog» og Holmsve sørga for at mange av dei 1100 som kom i løpet av kvelden, fekk sving på dansefoten og kom i feststemning. Rosina i pølsa denne helga – etter mi meining – stod imidlertid Heine Totland og «The Crickets» for. Eg har opplevd denne gjengen fleire gonger i Seljord, men det var noko heilt anna å få dei så tett innpå seg som me gjorde i festivalteltet på Gol denne laurdagen – som i år var utvida nok ein gong – og godkjent for 1400. For eit Buddy Holly show det vart, her var energi til tusen og ikkje minst speleglede. Heine Totland vert omtala som ein dyktig, smilande og blide vestlending, og han har framleis beina trygt planta på jorda, det er heilt sikkert. Fårefestivalen på Gol kan ein lett omtala som vellukka, og var du ikkje i år så kanskje du tar turen til neste år ? Her får du ihvertfall oppleva mykje, både av underholdning og elles. Eg har berre prøvd gje deg eit lite innblikk i noko av det som skjedde i år, så no er det berre for deg å bla deg gjennom dei mange fine bilda. Saken vil også bli oppdatert med fleir bilder etter kvart.(Tekst og foto: Anne-Karin Eikeland)
Les anmeldelsen av arrangementet i De Danseglades desembernummer.

Folg oss pa facebook liten Vi danset til Lasse Stefanz og Drifters i Braathallen

Redaksjon

Saker merket Redaksjon, er saker sakset fra De Danseglade, eller saker som er skrevet av redaktør - Dag Mangseth.

Les også